Rekordlesing av SNL i 2023

Det er verkeleg inspirerande å sjå på lesartala for snl.no i 2023. Artiklane i leksikonet vart lesne 114 millionar gongar i løpet av året, noko som er ny rekord. Vi har heller aldri hatt fleire fagansvarlege (1183) eller fleire forfattarar (5270).

Unike brukarar i månaden gjekk ned med 2 %. Dette har nok fyrst og fremst med at iOS-telefonar ikkje lar seg måle like godt som tidlegare. Talet økter (besøk) auka 8 % og tal lesne artiklar (sidevisningar) med 7 %.

Vi oppdaterte 41 639 artiklar i løpet av 2023. I snitt er dette 114 oppdaterte artiklar per dag, som vi er svært nøgde med. Dette er likevel berre halvparten av 2020, då det store prosjektet var å gå gjennom alle artiklane i heile leksikonet. I 2020 oppdaterte vi 82 000 artiklar, det hadde vi aldri klart utan at det var pandemi og nedstenging – la det aldri skje igjen 🙂

Mest lesne artiklar per månad

Dei mest lesne artiklane per månad er som vanleg dominert av skuleelevar og nyheiter. På kategorinivå ser vi eit heilt anna bilete: Her er medisin absolutt mest lese, med historie og samfunnsstoff på dei neste plassane.

Stjerneteikn er vi eigentleg veldig usikre på kvifor er så mykje lese. Artikkelen segla opp på toppen av mest lese-lista i fjor, utan nokon eigentleg grunn. Det same gjeld narssistisk personlegheitsforstyrring, som vart mykje lese på slutten av Donald Trumps presidentperiode, og så berre blitt liggjande på mest lese-lista etter det.

Ricin vart mykje lese i juni fordi politiet arresterte ein ungdom i Oslo som lagde ricin i ei vanleg leilegheit.

«Makta» førte til dobling i lesing av politikk-artiklar

TV-serien Makta har hatt verkeleg uventa stor verknad på lesinga av ein del innhald i SNL. Artiklane i kategorien «Norsk politikk og offentlig forvaltning» har for eksempel gått frå å bli lese 461 000 gongar i 2022 til over millionen i 2023.

Topp 5 i «Norsk politikk og offentlig forvaltning» i 2023:

  1. Reiulf Steen
  2. Odvar Nordli
  3. Gro Harlem Brundtland
  4. Arbeiderpartiet
  5. kommunestyre- og fylkestingsvalg

Seksdobling i lesing av artiklar om Israel og Palestina

Når det er krig og konflikt er det mange som treng bakgrunnsinformasjon for å forstå kva som skjer. Artiklane om Israel og Palestina er alltid mykje lesne, men i 2023 auka lesinga verkeleg dramatisk. Desse artiklane vart lesne 600 000 gongar, i hovudsak frå oktober til november.

Topp 10 mest lesne artiklar om Israel og Palestina:

  1. Hamas
  2. Palestina
  3. Israels historie
  4. Palestinas historie
  5. Israel
  6. Opprettelsen av staten Israel
  7. Vestbredden
  8. Gaza
  9. Palestinakrigen
  10. Jerusalem

Vi er òg svært nøgde med å ha fått omsett Hamas» prinsipprogram til norsk. Det har ikkje vore tilgjengeleg på norsk tidlegare. Prinsipprogrammet seier mykje om kva som er dei politiske ambisjonane til organisasjonen.

100 mest lesne artiklar i 2023

  1. stjerneteikn
  2. første verdenskrig
  3. narsissistisk personlighetsforstyrrelse
  4. islam
  5. andre verdenskrig
  6. Den franske revolusjon
  7. buddhisme
  8. jødedom
  9. hinduisme
  10. den kalde krigen
  11. kristendom
  12. samer
  13. den industrielle revolusjon
  14. Vietnamkrigen
  15. opplysningstiden
  16. Beauforts vindskala
  17. Adolf Hitler
  18. Holocaust
  19. periodesystemet
  20. De ti bud
  21. Land i Europa
  22. nazisme
  23. fascisme
  24. svartedauden
  25. Norge under andre verdenskrig
  26. velferdsstat
  27. bukspyttkjertelen
  28. Alta-saken
  29. kommunisme
  30. fotosyntese
  31. Norge
  32. Hamas
  33. Reiulf Steen
  34. demokrati
  35. maktfordelingsprinsippet
  36. ricin
  37. middelalderen
  38. samenes historie
  39. realisme (litteratur)
  40. Ivar Aasen
  41. Romerriket
  42. Henrik Ibsen
  43. kvener
  44. vikingtiden
  45. drivhuseffekten
  46. fornorskingspolitikk
  47. perlemorskyer
  48. planeter
  49. modernisme (litteratur)
  50. renessansen
  51. Versailles-traktaten
  52. etikk
  53. norsk språkhistorie
  54. parlamentarisme
  55. Jehovas vitner
  56. Den russiske revolusjon
  57. nervesystemet
  58. den ortodokse kirke
  59. norrøn mytologi
  60. sosialisme
  61. revmatiske sykdommer
  62. Koreakrigen
  63. Sokrates
  64. Cubakrisen
  65. sionisme
  66. borderline personlighetsforstyrrelse
  67. tabell over store tall
  68. platetektonikk
  69. Berlinmuren
  70. samisk
  71. liberalisme
  72. islams fem søyler
  73. Jon Fosse
  74. sikhisme
  75. nasjonalromantikken
  76. NEWS (National Early Warning Score)
  77. samisk religion
  78. reformasjonen
  79. nasjonalisme
  80. Olav den hellige
  81. nevropati
  82. Odvar Nordli
  83. Ja, vi elsker dette landet
  84. den amerikanske uavhengighetskrigen
  85. Fosen-saken
  86. energi
  87. Alzheimers sykdom
  88. Midtøsten-konflikten
  89. katt
  90. Norges største byer
  91. Slaget om Narvik
  92. DNA
  93. Buddha
  94. Kristoffer Columbus
  95. Auschwitz
  96. imperialisme
  97. NATO
  98. Alexander Kielland-ulykken
  99. rasisme
  100. Gro Harlem Brundtland

Oppdateringsstatus og kvalitet

85 prosent av artiklene i SNL er blitt oppdatert de siste fire årene. I 2021 fullførte vi gjennomgangen av de uoppdaterte artiklene vi overtok fra papirleksikonet, et enormt prosjekt som tok flere år. Mange artikler vil nå ikke trenge oppdatering på mange år (typisk ordforklaringer og grunnleggende konsepter), mens andre krever oppdatering flere ganger i året.

20 739 artikler (11 %) er merket med at de trenger gjennomgang. Dette er altså artikler vi ikke er fornøyde med av ulike grunner: De kan være utdaterte, for korte, inneholde feil, eller er artikler vi har høyere ambisjoner for. Når én av disse artiklene er fikset, oppdager vi som regel andre artikler som ikke er gode nok; så antall artikler som trenger gjennomgang pleier å ligge relativt konstant rundt 10 %.